
Frivilleg arbeid og yoga. Gje litt-få mykje.
Frivilleg arbeid og yoga. Gje litt-få mykje. Dato: 22-24.juli og 27-29.juli

Vil du vere med å skape ein stad for ro, fellesskap og yoga?
Eg ynskjer å invitere nokre få menneske til annleis dugnad eller medskaping.
Her handlar det ikkje berre om å arbeide-men om å leve nokre dagar litt enklare, saman.
Vi byr på:
-Morgonyoga og kveldsyoga
-Gratis overnatting i eige rom
-Heimelaga måltid
-Badstu og tid til kvile
-Natur, stillheit og godt fellesskap
Til gjengjeld håper vi at du har lyst til å bidra med om lag 5-6 timar praktisk arbeid kvar dag.
Oppgåvene er rydding, beising av tak, klargjering av yogalokalet, pynting, spyling, kosting og måling.
Dette er IKKJE eit arbeidsforhold, men eit fellesskap der vi saman byggjer opp ein yogastad som skal bli til glede for mange.
Målet vårt er enkelt-AT DU REISER HEIM MED KJENSLA AV Å HA FÅTT MEIR ENN DU HAR GJETT.
Kjenner du at dette talar til deg, eller kjenner du nokon som kunne trivast med eit slikt opphald. Send meg ein epost eller ei melding.